Stop av Pink Floyd
Stop Song av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Kunstrock | |
Lengd | 0:32 | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters |
Stop er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Som dei andre songane på albumet omhandlar «Stop» ein del av historia om hovudrolla Pink. Pink er lei av livet sitt som fascistisk diktator og hallusinasjonen sluttar. Han er òg lei av den mentale muren sin, og set seg sjølv opp for retten i hovudet sitt. Songen handlar om at han forstår at alt som førte til bygginga av muren var hans eiga skuld, som ein kan sjå ut frå tekstlinja «Have I been guilty all this time»
I filmutgåva av songen sit Pink i eit avlukke på eit toalett og syng songen a capella utan pianoet som er på albumversjonen.
Songen er berre 30 sekund lang og er den kortaste songen på noko Pink Floyd-album.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Roger Waters – vokal
med:
- Bob Ezrin – piano
Personell per Fitch og Mahon.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- ↑ Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 109.